RefleksjonUndervisning

Undervisning 2014 – 15 dokumentasjon og kvalitet

 

Skuleåret nærmar seg slutten med stormskritt og om ein månad skal elevane ha tverrfagleg eksamen i programmfaga. Det kan derfor reflekterast over undervisninga i faget dette skuleåret. Ordbildet over, er er skapa av anonyme svar i frå elevane i Vg2 Industriteknologi, i dag og er for det meste er positivt. Å kunna treffa undervisninga for enno fleire elever, er det ein må jobba med vidare. Enkelte synest det går for fort fram med teikning, så ein engasjert og overivrig lærar må prøva å «begrensa seg» framover i faget. Som yrkesfaglærar og profesjonsutøvar, kan ein vera stolt over dei gode attendemeldingane elevane gir på undervisningsopplegget. Min lærarprofesjon utviklar seg dermed i positiv retning. Å dele refleksjonen av undervisninga med omverda kan bidra til at andre lærarar blir inspirert til å endra eigen undervisning. Det luraste eg gjorde var å bryte læremiddelet opp i moduler med eigeprodusert innehald.

Mitt råd til andre lærarar: Bruk læraplanmålet som styrande i faget og utvikle eige konkretisert undervisningsopplegg.

Her er nokre sitat frå elevane sine svar:
«Syns detta er kjempe greier detta systemet kunne våre brukt i fleire fag»
«Undervisninga har fungert bra. Eg har stege i karakter og er nøgd.
«Det har fungert  veldig bra»
«Bra med videoar på youtube, lærer masse av det. Gode tilbakemeldingar, får fort tilbakemelding i timane»
«bra organisert i kvar time, gode oppgåver og undervisninga går bra»
«du e ein god lærar»
«alt er perfekt»
«Tilbakebemeldinger etter oppgåver er du velding flink»
«You light up my world like nobody else»
«Flink å gje tilbakemelding ofta.» (
fleire tilsvarande)
«Att ein kan finna ut korleis ein lagar delar og korleis ein brukar solid edge på youtube syns eg er veldig bra, det har eg  brukt ofte»
«Bra organisering og moduloppbygging»

Det ein tek omsyn til framover:
«på slutten av året begynner det og bli litt kjedelig sidan ein berre gjer ting oppatt og oppatt»
«kunne vore meir om sveisesymbol og teikning for hand»
«kunne vore meir tid på det ein lurte på etterpå»
«Det går litt for fort når læranen viser på Solid Edge»
«lærer noko nytt kan det gå litt for fort»

Geir Sigurd Handegård

Tidligere Yrkesfaglærar ved Norheimsund Vidaregåande Skule. TIP Epedagog Hordaland fylkeskommune. Er i dag avdelingsleder offentlig tjenesteyting