Eigen refleksjon NKUL 2015

2015-05-10_23-23-13

Som ein av Epedagogane i Hordaland fylkeskommune har ein vore med å bidrege på felles samskriving i Google docs med heile 18 sider! Vil prøva å ta ut essensen i frå dette dokumentet.
Det er store endringar på gang innafor IKT i læring i Noreg om ein vil eller ikkje. Dette såg ein tydeleg på mange av førelesningane som var styrt av Horizon rapporten og Ludvigsen utvalet. Ludvigsen gav tydelege signal om at det kjem forslag om endringar, som i hovudsak går ut på meir djupn på enkelte emne. Ein går bort i frå bredde og overflatekunnskapen som kunnskapsløftet er kjend for. Vil leggja meir vekt på emna som er viktige for framtidige arbeidstakarar. Det vil dermed vera behov for meir spesialiserte lærarar. Er spent på når ein eventuell ny reform vil koma og kva innhald den vil ha om 2-3 år?

Adaptiv læring var mange gode førelesningar om, og er eit stort satsingsområde i utvikling og forsking ved NTNU dei næraste 5 åra. Å kunna skreddarsy oppgåvene tilpassa den enkelte eleven for optimalt å gi passeleg vanskelege oppgåver som sikrar motivasjon og progresjon er draumen. Gyldendal er allereie i gang på småtrinnet og ein ventar spent på vidare utvikling som vil endra mykje i åra som kjem. Aftenposten la ut ein artikkel om dette i går.

Elevane må læra å læra fordi framtidas jobbar vil fortsatt endra seg hurtig med gjevnleg krav om omstilling.

Vil prøve ut myoutime i eige fag neste år i deler av dokumentasjonsfaget som egnar seg for «micro-læring». At eleven får opp enkle oppgåver på smart telefonen og lager oppgåver til kvarandre. Dette er ypparleg for elevar med lese og skrivevanskar og ser ut til å motivere og engasjere for «sniklæring».

Spill i læring var stort på årets NKUL der spillpedagogene ved Nordahl Grieg vidaregåande skule velfortent fekk Gullepleprisen 2015. Dette for deira innovative innsats med #spilliskolen (twitter). Magnus Sandberg  gav og` imponerande gode eksempel på pedagogisk bruk av spill for elever. Bruk av Dynasty Warriors for å læra Japansk historie og kultur samt sleepdeath i språkfag var gode eksempler. Er blitt overtydd på at spill kan vera god innovativ læring i enkelte fagevner for eleven.

Rothaugen Skule i Bergen var det beste innslaget eg fekk oppleva på NKUL 2015. Dei har same erfaring som ein sjølv, med å ta vekk læreboka og gi meir elev engasjement og praktisk retting av undervisninga. Dei hadde innovativ undervisning på mange ulike fag, arenaer og metodar. Dei fire elevane var ekspertar på sine områder: droner, samskriving, sosiale medium og 3D printing. Elevane presenterte dette på ein måte som gav meg (og sikkert andre) begeistring. Droner til bruk i naturfag, matematikk med koordinatsystemet, RLE og Norsk. Koding av droner via PC eller applikasjon med god vegleiing  frå senter for ikt i utdanning. Dei bruker sosiale medium som Twitter for å kommunisere med andre over heile verda og bruker storybird til å skrive fagtekster. Samarbeid med skule elever frå Australia via Google samskriving og docs vart vist eksempler på. Læraren synest at Google docs samskriving hadde revolusjonert undervisning og læreprosessen. Elevar ved Rothaugen skule er heldige som har så innovative og engasjerte lærarar som torer å kaste seg ut i det «ukjente» på ein slik måte. Eg er overtydd om at deira elevar vert gagns menneske i ei høgteknologisk framtid som me berre ser byrjinga på.

Vonar at skuleeigarar kan prioritera å senda lærarar til NKUL 2016 for å avdempa at lærarar kjem langt etter undervisningsrevolusjonen som er i emning.