Tørking av Vedvirke
Har mange års erfaring med produksjon av vedvirke.
Tørkeprosessen er siste og viktigste steget for å få god ved som er lett å få fyr på, fin flamme og varme i vedomnen. Eg pleier å bruke 4 viktige ord for god tørke av vedvirke.
LUFT – SOL – VIND – REGN
LUFT: Om veden skal tørke trengst det luft rundt og mellom den kløyvde vedskiene. Eg brukar ofte ein Europalle under for å unngå fuktigheit frå. her kan tørkestativ som ein lør i vera fint. 1000L sekk som er løst stabla gir god sirkulasjon av luft. Stabler og 40L sekker på Europalle.
SOL: Skal veden bli tørr i løpet av mai, juni og juli, som er beste tørkemånadane, trenger den å få sol store deler av dagen.
VIND: I tillegg til sol er vindtrekk ein stor fordel. Vedvirke produserer Austavindstørka ved. La det vera avstand i mellom sekkene, minst 50 cm i mellom kvar palle.
REGN: På austlandet anbefaler ein å ikkje dekka til veden før etter sankthans. Her på regntunge Vestlandet, kan veden streva med å bli tørr utan tildekking. Dersom ein brukar presenning over større område bør ein ha ein palle i mellom. Presenning kan føra til kondens under, som hindrar tørr ved på toppen. Har god erfaring med topphatt til 1000L sekker som selgast i 5 pakning. Best tørke får ein med tak av gjennomsiktig plast eller bølgeblikktak.
Oppsummering og fakta: Detsom ein klarer dei fire områda over, vil ein lukkast med tørkinga. På Norskved.no sine sider, fakta om ved, viser at ein 1000L sekk med bjørkeved misser ca 200Liter (Kg) med vatn i tørkeperioden! Det er enorme vannmengder. Får å få tørr ved til hausten er det og ein fordel å hogga i vintermånader, før sevja kjem i April/Mai. Ein kan eventuelt utføra syrefelling med å fella treet og la det ligge 2 veker med greiner på. sevja går ut i greinene.
Har opplevd fleire vintrer der veden blir tørr i perioden januar – April. Skal teste eit parti no. Vil anbefale å få veden i hus med luftig vedbod i Juli/August. Dette for å bevare den tørr utover hausten. Luftfuktigheit går opp utover hausten som går inn igjen i veden. Dersom du høyrer fresing i veden når du fyrer er den ikkje tørr!
Her bilde av tørkestativ som ein pakker om til 40L sekker når den er tørr i Juli.