Energi vedvirke

Lurer du på kva kostnadar det er med ved som oppvarmings kjelde opp i mot elektrisk? 

Dersom veden har 20% fukt innhold vil den avgi energi i kilowatt tilsvarande i tabellen til slutt i innlegget. 

Virkningsgrad

Ny moderne reintbrennande ovn har 75% virkningsgrad eller bedre. Èin eldre ovn, før 1998 har 40 – 60% virkningsgrad. 

Èin vil dermed få meir energi med èin ny moderne ovn. Èin kan dermed samanlikna  straumpris inklusive nettleige med Kw prisen.

I tabellen under viser èin energimengde av vedvirke med reintbrennade ovn og kva dette tilsvarar pr Kw. 

Dersom du vil skaffa deg rimeligare ved og ikkje kan produsera veden sjølv, kan De bestille vedvirke til eigen tørking. Då får du reduksjon i prisen og èin slepp å lagra veden. Dette er fordelar for deg som kunde og produsent av vedvirke. 

Eg har luft/luft varmepumpe på 17-18 grader og fyrer til stove temperatur med ved, når eg er heima. 

Eg synest at varmen frå vedomnen er magisk i haust òg vinterhalvåret. Å kunna sjå flammane frå glassdøra i ovnen er fascinerande.

Oppsummering

Dersom du vil redusera kostnad med oppvarming, vil nyare reintbrennande ovn redusera forbruket av ved til oppvarming. Dersom du har ei varmepumpe, vil den bruka ⅓ til ⅕ av elektrisk energi i forhold til varmekablar eller panelovn. Om panelovn leverar 1000W som tilsvarar 1Kw pr time vil den levera mellom 3-5000W avhengig av utetemperatur som varmepumpa hentar energien i frå. Dersom du ikkje har varmepumpe vil det i teorien vera rimelegare å varma opp bustaden med straum når kw prisen er vesentleg lågare enn tabellen under. Du finn ut kva prisen vart på faktura forrige månad, med å dele totalprisen inklusive nettleiga med totalforbruk. 

Konklusjon 

Dersom prisen på straum passerer innslagspunktet for midlertidig straum støtte frå staten, er det som oftast rimelegare med vedfyring. Er det kaldt og lite vind er ofte straumen dyr. Vedprisen er meir stabil etter marknad og etterspørsel. 

Kjelde: norskved.no og huseierne