Undervisning Dokumentasjon og kvalitet TIP

Bilde1
«Læringstrappa»

I 2009 skulle Eg overta for lærar som underviste i teikning og teikningslesing på TIP, han skulle gå av med pensjon. På samme tid var ein på møte ved Frank Mohn Fusa (FRAMO) i saman med andre faglærarar på TIP, i frå HFK. Bedrifta har mange lærlingar og var kritiske til kunnskapen innafor teikningslesing som nye lærlingar kom med. Dei måtte halde ressurskrevjande kurs til lærlingane, fordi det var store hol i kunnskapen. Etter dette var Eg svært undrande til faget som ein skulle undervise i. Det virka som ei umogeleg oppgåve å få gi elevane den kunnskapen som bedrifta sakna. Hadde eit langt detaljerte notat med tiltak som eg gjekk igjennom når ein kom tilbake til skulen. Nytta å bruke deler av dette i vidareutdanninga kompetanse for kvalitet, spesielt innafor SolidEdge. Bedrifta ved Fusa meinte at elevane ikkje lærte å teikna maskintegning, når dei berre teikna på data. Projeksjon symbolet for europeisk projeksjon lagde ein logo av (bildet på sida) for å sikra at elever veit kva symbolet betyr.

Tok  omsyn til kommenterer frå FRAMO og ein er ikkje i tvil. Det verkar som at eleven får ei meir grunnleggane teikne forståing og kompetanse med blyant og papir. Det er noko med å bruka blyanten i handa på papiret der synet i saman med motorikken til hand koplar hjernen til å skjønna projeksjons prinsippet. Praktisk øving må til, så der møtte ein utfordring med læremiddel som lærebok.  Ein fann 2 sider med teori på begrepet projeksjon og ein såg fort at elevane ikkje kunne læra projeksjon så lett! Nei ein måtte tilbake til lærebøker frå før og ved reform 94 for å finna praktiske oppgåver og øvingar som eleven kunne læra av. Ut i frå dette laga ein eit modulbasert undervisningsopplegg i faget dokumentasjon og kvalitet, TIP. Hadde modul 3 som var isometrisk teikning men tok det bort fordi elevar vart usikre på projeksjon etterpå. Modul 2, 8 og 9 har tydelege vurderingskriterium med eigenvurdering. I tillegg er det nivådifferensiert med læringstrapp for å strekka kvar enkelt elev så høgt som råd i faget. Gjennomsnitte av standpungtvurderingene i faget har lagt på 4,9. Som faglærar er godt godt nøgd med resultatene kvart år, så langt. Har ikkje hatt stryk eller einarelever på dei hundrevis av elever ein har undervist.

  • Modul 0 – HMT Helse miljø og tryggleik
  • Modul 1 – Projeksjon
  • Modul 2 – Teikning med papir og Blyant – Projeksjonsteikning – (Prøve etterpå)
  • Modul 4 – (3 tok eg bort) Overflatesymbol
  • Modul 5 – Sveisesymbol
  • Modul 6 – Isometriske Toleranser
  • Modul 7 – Teikningslesing – Øving før tverrfagleg prøve i programfaga
  • Modul 8 – SolidEdge – Firkanta figurer
  • Modul – 9 – Solid Edge – Akslingar

Her er framdriftsplanen som ein bruker og  gjennomgår hyppig med elevene.

Her er videoer ein viser etterpå før ein går i gang med undervisning i faget.

Her kan du sjå måten ein tilpasser undervisninga innafor teikning med papir/blyant og med DAK.

Presentasjonen over som video

2 thoughts on “Undervisning Dokumentasjon og kvalitet TIP

  • Kjetil Rosenvold

    Du har gjort en veldig god jobb i faget. Ser vi har mye like tanker rundt det å drive undervisning. Inspirerende å se!

  • Flott at De blir inspirert av mitt pedagogiske utviklede arbeid i undervisning TIP. Abonner gjerne på nettsida eller still reflekterande spørsmål på nettsida, Twitter eller YouTube.

Kommentarfeltet er stengt