SolidEdge oppstart

 

Programmet kan gratis lastast ned frå Siemens sine sider som studentversjon. Studentversjonen er fullversjon men begrensa for utdanning. Dette med at teikningar som er teikna i studentversjonen ikkje lar seg opna i bedriftsversjon. Du vil få nødvendige opplysninger i ein epost, for å installere programmet. For tida er det ST7 som ligg i epost med lenke for nedlasting. Anbefalt maskinvare er PC med windows 7, 8 eller 8.1. Minst 10Gb ledig plass og 8Gb internminne. Prosessor bør vera i5 eller i7 og fordel med SSD harddisk. ST betyr Synconise teknoligy og er ein modelleringsmetode som egnar seg for design. Du kan stille programmet til Ordered, som er mest vanleg i modellering av mekaniske komponenter ved maskinteikning.

Etter kunnskapsløftet K06 Vart det krav om 3D og 2D teikning på data. Som DAK, data assistert konstruksjon , vart SolidEdge satsa på innafor utdanningsløpet TIP, Teknikk og industriell produksjon. Det vart utvikla bøker frå Gyldendal med bruk av SolidEdge i faget Dokumentasjon og kvalitet for Vg1 TIp og VG2 Industriteknologi. Første møtet med SolidEdge i 2007 nyttar ein V19 (versjon 19). Det kom V20 før SolidEdge gjekk over til ST serien. Nyttar i dag ST6 på eigne maskiner og elevmaskiner i opplæring.

Du får kjøpt bedriftsversjonen i frå Zenit.no som er leverandøren i Noreg.

Etter opplysninger frå Siemens er prisen pr lisens ca. 5300.00 USD (over 30000,-Kr) Ved avtale pr. månad  startar prisen på 180,- Euro (1500,- Kr) Sjå Siemens.

I perioden 2012 – 2014 Har ein haldt kurs til Faglærarar i Hordaland Fylkeskommune som E-pedagog, ICT Educator.  Har du spørsmål rundt kurs for Faglærarar med SolidEdge, kan du ta kontakt.

Eksempel tema for kurs  Faglærar.

Dersom du vil legge inn ein fast mal kan du sjå videoen under. Eksempelmal.dft

Vg1 – med SolidEdge

Vg2 – Med SolidEdge

Geir Sigurd Handegård

Yrkesfaglærar ved Norheimsund Vidaregåande Skule. TIP Epedagog Hordaland fylkeskommune.