Det beste resultat som yrkesfaglærar

Vg1 TIP klasse - Siste prøve i SolidEdge. Juni 2015
Vg1 TIP klasse – Siste prøve i SolidEdge. Juni 2015

Skuleåret 2014-2015 har vore eit godt år som yrkesfaglærar innafor faget dokumentasjon og kvalitet.

Har frå første skuledag lagt stor vekt på relasjonsbygging til elevane. Gir elevane tydeleg orientering om kva som må til for å oppnå ulike grader av vurdering i faget. Mitt mål er så høg kompetanse som råd innafor elevens føresetnader. Den einskilde eleven må reflektere over kva som må til for å klare høg kompetanse med høg vurdering i form av karakter. Gjennom skuleåret har fleire elevar som ein har møtt  i friminutt på skulen, sagt at dei «gleder seg til neste time i dokumentasjon» eller «kjekkaste faget me har». Om det er fagets innehald eller relasjoner mellom lærar og elev som er avgjerande, er vanskeleg å få endeleg svar på. Mogeleg at det er ein kombinasjon?

No når standpungt vurderingane er endeleg, med grunnlag i frå mage individuelle fagprestasjoner i gjennom skuleåret, kjem det fram at fleire elevar ligg høgare enn ein har opplevd tidlegare. Undervisningsopplegget i kombinasjon med relasjonsbygginga ser ut til å fungere.

At enkelte elever takkar for skuleårtet med «takk for kunnskapen du har lært oss» og «du er ein god lærar» varmar godt i eit lærarhjarta.

Ein tek no velfortent ferie etter mitt beste undervisningsår i dette faget!

Elevar sitter med fyljande kompetanse i form av vurdering:

  • Vg1 TIP klasser:
  • 6 – Treere
  • 7 – Firere
  • 11 – Femmere
  • 4 – Seksere

Vg2 Industriteknologi har like mange fordelt på seksere, femmere og firere, som høgast.