Samarbeid Næringslivet

Lid Jarnindustri www.dalen.no er ei mekanisk produksjonsbedrift av land-bruksutstyr. Dei produserer ulike modeller av vedmaskiner, snø ryddeutstyr, løftemateriell og tilbehør for gras handtering. Har inntrykk av høg kvalitet på produkta dei leverer.

Hadde det ikkje vert for denne bedrifta som ligg 1 Km i frå skulen ville ein hatt store utfordringar med å lært SolidEdge. Dei har fleire konstruktørar som som produktutvikler, modellerer og teiknar maskinteikningar for eigen produksjon. Når Eg skulle læra meg SolidEdge i samband med vidareutdanning HIST/NTNU i 2010-2011, hadde eg hyppig besøk til ein av deira konstruktørar. Dei var gode mentorar i samband med eigen læring og utvikling av DAK maskinteikning.

For nokre månadar sidan gjenoppretta Eg kontakten og stilla nokre spørsmål. Dei nyttar no nyaste versjon av SolidEdge ST7. Dette medfører at ein vil ta i bruk nyaste versjon frå neste skuleår 2015-2016. Mogeleg at ein vel ST8 om det blir anbefalt av leverandøren Summit. Konstruktørane følte seg konservative med å nytta DAK programvara på samme måte som ein skjølv har valgt. Dei brukar ikkje (ST) Syncronice Tecknology funksjonaliteten. Konstruktøren ser det som ein fordel å bruka ordered, fordi det vert enklere for ein annen konstruktør å opna teikninga for eventuelle endringer. Dette er samme erfaring som ein har  i samband med undervisning, så det er ikkje hast med å tilegna seg ny modellering metode.

Foto: www.dalen.no «Begeistring i kvar detalj»

Geir Sigurd Handegård

Yrkesfaglærar ved Norheimsund Vidaregåande Skule. TIP Epedagog Hordaland fylkeskommune.