Passert 44000 visninger på YouTube

At ein for 4 år sidan skulle få så stor aktivitet på YouTubekanalen hadde ein ikkje trudd! Var veldig skeptisk i starten med å publisere videoane offentleg. Men det var bare inne i mitt hovud avgrensingane var! Kva seiar andre når ein legg ut på denne måten?

Elevane er svært positive til å få læringsressurser på YouTube. Har fått auka relasjon og tillitt overfor elevane etter at ein nytta video.

For enkelte lærarar ein har snakka med er det eige stemme som blir «så rar» at dei ikkje torer å legge ut. Prøver å formidle at stemma høyrest lik ut som andre høyrer den. Nye lærarar kan legge ut med lenke og bygge inn i LMS for å sleppe å vera så offentleg eller lenke video frå Google disk.

På skjermvideo er det enkle verktøy for å lage instruksjonsvideo som tek omtrent like lang tid som anna form for forbereding som kan brukast i mange år etterpå! Anbefaler at du prøver med Screencastomatic.com

Har byrja å få nær samme effektive videoproduksjon på levande film. Klarer å redigere levande video raskare og raskare med trening. Erfaringa frå videoane tilseier at lyd bør leggast på i etterkant. Redigeringsprogram ein bruker er imovie eller camtasia. Filmer på verkstaden med mobil, nettbrett eller speilrefleks i samarbeid med elever i undervisninga. Kan og` kombinere dette med vurdering med video elev.

På bildet ser ein dei mest populære visningane.

  1. Moddellering av ein M12 bolt har over 6000 visninger! Den blir dagleg sett på rundt heile værda.
  2. ATV tilhengeren Skuleutvikling 2012 har nær 2900 visninger mest i Noreg og Sverige
  3. Grunnleggande maskinteikning projeksjon kjem ein del frå eigen undervisning og søk på Google med nær 550 visninger
  4. Videoen bruksanvisning og måling med multimeter er på nær 600 visninger og var bare ein testvideo. (er ikkje fornøyd med lyd) Har brukt den lite i eigen undervisning, så den er funnen via Google søk med 41%. Dette viser at tekniske instruksjonsvideoer er mangelvare på Norsk. Så meir videoer av denne typen anbefalast i praktiske fag tilnærminger. Tilsvarane med samme antallet visninger på video under.

Du kan og sjå meir om ICT Educator sin digitale kompetanse

Geir Sigurd Handegård

Yrkesfaglærar ved Norheimsund Vidaregåande Skule. TIP Epedagog Hordaland fylkeskommune.