Mengde og Volum av Vedvirke

Eg vil prøva å forklara vanlige mengder i samband med omsetning av ved.

Tidligare var ofte mengden oppgitt i Mål eller favn. Det var mest vanleg å stable kløyvd ved på 60cm i 1m høgt og 4 meter lengde. Eg og’ stabla på denne måten i starten på 80 tallet. Då måtte ein frakte frå stabelen og kappe veden på midten for å få den liten nok til å få den i ovnen.
For å kunne få ferdig produsert eit mål med ved, trenger ein 1,6 fastkubikk med vedvirke tømmer. Eit tre på rundt 50cm på rotenden vil vera omlag 1,6 kubikk, der greiner kjem i tillegg.
I dag er andre former for måle einingar vanleg. Eg held meg mest til 40 Liter sekk fordi dei er enkle å fylle og flytte på. Når veden er rå og nykløyvd, er den nær dobbelt så tung som når kløyvd. Det er mykje vatn i veden, som skal fordampa. Volumet krymper omlag 10% under tørketida. Har nokre stativ som eg tørker veden som skal,i 40Liter sekk seinare. Då får ein fordelt arbeidstida med sekkfylling litt utover.

Større volum for omsetning av vedvirke, er i dag endra til storsekk av not eller hygropall på 1500Liter eller Europalle på 1000Liter. Eg har stativ får Espegard kjøpt på Felleskjøpet til å halda 1000Liter sekken. Har prøvd med stabla og laust i sekken. Synest det tar ein del meir tid å fylla sekken med stabla ved, sekken vert finere å sjå på og kan vera meir stabil å flytta på. Det er ca 800Liter med ved i laus 1000Liter som blir justert med lågare utsalgspris. For å få eit mål med 30cm ved trenger du 2,2 kubikk mot 2,4 kubikk ved 60cm. Du kan lese meir om volum på Norskved sine sider.

OPPSUMMERING:

  • Mål/Favn 2,4 kubikk på 60cm og 2,2 kubikk på 30cm vedlengde.
  • Du trenger 1,6 fastkubikk får å få eit mål med ved.
  • 1 Fastkubikk med ved blir ca 2000L med løs klyvd ved.
  • Du trenger 3,3 1000Liter løs ved for å få eit mål
Foto: Vedvirke. Tørkestativ før pakking av 40Liter sekker